mandag 13. februar 2017

Forteljar og synsvinkel

NB! Avsløringar førekjem.

«Så jeg oppdaget sannheten for tidlig, og da var det for sent.» (s. 11)

Svøm med dem som drukner har ein personal forteljar, Edvard Hirifjell. Forteljaren er hovudpersonen, og han deltek dimed aktivt i handlinga. Synsvinkelen er avgrensa til Edvards kjensler, og me, som lesarar, opplever det som skjer slik han opplever det. Dette er ein avgrensa synsvinkel.

Edvard har likevel, i store deler av romanen, ei meir tilbaketrekt rolle, kor han fortel om tidlegare hendingar. Informasjon om desse hendingane får han igjennom breva og papira han finn på Hirifjell og på Shetland, og munnleg. Han tek au fleire eigne, logiske slutningar. Gamlepresten i Saksum har ei viktig rolle i den munnlege utvekslinga av informasjon. Han har kjent godt til familien Hirifjell lenge. Døme på tidlegare hendingar Edvard skildrar er arrestasjonen av bestemora på morsida og familien hennar i 1944.

Denne bruken av forteljarteknikk gjer at me som lesarar føler at me kjenner Edvard. Me vert sett inn i hans situasjon og hans kjensler. Om Lars Mytting hadde valt å bruke ein allvitande tredjepersonsforteljar i denne romanen, hadde me ikkje fått same inntrykket av å kunne følgje Edvard igjennom leitinga etter svar. Me veit nett så lite som Edvard sjølv gjer i starten, og me sitt att med dei same spørsmåla han sitt att med.

Ein avgrensa synsvinkel, kor me berre får innsyn i ein persons kjensler og opplevingar, kan i mange tilfelle føre til ei kjensle om at ein berre får sett ei side av saken. Det er ikkje tilfellet i denne romanen. Edvard er ikkje dømmande, han prøver heller å forstå korfor menneska i fortida hans handla som dei gjorde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar