tirsdag 14. februar 2017

Handling og kronologi

NB! Avsløringar førekjem.

Tjuetre år gamle Edvard bur på småbruket Hirifjell i Saksum, saman med den fåmælte bestefaren sin, Sverre. Dei er potetbønder og har sau. Slik har dei budd sidan Edvard var tre, og foreldra hans døydde i ei tragisk ulykke då dei var på ferie i Frankrike, moras heimland. Foreldra, Walter og Nicole, vart funne daude i ei elv i nærleiken av ei avstengt slagmark frå fyrste verdskrigen. Dei hadde trakka på ein gammal gassgranat. Tre år gamle Edvard var borte i fleire dagar, før han dukka opp på eit legekontor ein heilt annan stad i Frankrike. Saka vart aldri oppklart, og Edvard har mange usvara spørsmål.

Det vert ikkje mindre å undre seg over etter bestefaren hans døyr. Edvard finn fleire brev og fotografi godt gjømt på rommet til bestefaren, og fleire løyndommar dukkar opp. I tillegg står ei kiste i dyrt, flott treverk med praktfulle utskjeringar reservert Sverre Hirifjell på lageret til gravferdsbyrået i Saksum. Ein merkeleg beskjed følgjer med i en konvolutt. Edvard skjønner etter kvart at broren til bestefaren, Einar, ikkje vart avretta av tyskarane under andre verdskrigen, slik han har vorte fortalt. Einar var mestersnikker, og kista vart sendt til Saksum i 1979. Edvard begynner å grave i konflikten han veit Einar og bestefaren hadde, og det visar seg etter kvart at han dreia seg om langt verre ting enn at dei var på forskjellig side under krigen. Er Einar framleis i live?

Jakta på sanninga om sine avlidne foreldre fører Edvard til både Shetland, kor Einar budde lenge, og attende til Frankrike, kor han ikkje har vore sidan han var tre år. Edvard vert etter kvart merksam på eit arvegods Einar og mora hans, Nicole, skal ha diskutert. Dette arvegodset viser seg å vere viktigare for familiehistoria enn Edvard hadde trudd. 

Romanen er full av retrospeksjon, altså attendeblikk til tidlegare hendingar. Kvar gong Edvard får greie på noko nytt om fortida si vert me tatt attende til då det skjedde. Dette gjeld både historiske hendingar under fyrste og andre verdskrigen, Einars liv på Shetland, og spesielt sumaren i 1971. I tillegg har Edvard fleire minneglimt frå då han var yngre, frå før foreldra døydde. Desse omhandlar ofte mora hans, Nicole.

«For meg var mor en lukt. Mor var en varme. Hun var en legg jeg klamret meg til. Et pust av noe blått; en kjole jeg syntes å huske at hun brukte. Jeg sa til meg selv at hun skjøt meg ut i livet med en buestreng, og da jeg formet minnene om henne, visste jeg ikke om de ble riktige eller sanne, jeg bare skapte henne slik jeg trodde en sønn skulle minnes sin mor.» (s. 9)


Det er mykje spenning i Svøm med dem som drukner. Det at sanninga vert nysta opp litt etter litt held spenninga intakt i gjennom heile boka. Forteljinga inneheld fleire konfliktar, og den mest omfattande er kva som skjedde i Nord-Frankrike sumardagen i 1971. Kva gjorde dei i eit avstengt skogholt fullt av gassgranatar, og kor oppheldt Edvard seg dei fire dagane han var borte? Edvard veit like lite som me som lesarar gjer, og det er heilt spesielt å følgje han medan han finn ut meir og meir om familiens fortid. Det er ikkje før ein kjem heilt til slutten av boka at ein skjønner at det aller meste heng saman: alt frå det mystiske arvegodset til tragedien som råka mora og faren hans. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar