mandag 13. februar 2017

Skrivemåte og språklege verkemiddel

NB! Avsløringar førekjem.

Språklege verkemiddel er flittig brukt i Svøm med dem som drukner. Språket er rikt og vakkert, med heilt fantastiske skildringar. Mytting skriv på ein måte som får både personar, hendingar og stader til å verke ekte. Språklege bilete, som sammenlikningar og metaforar, er ofte brukt i desse skildringane.

Stiltona i Svøm med dem som drukner er uformell og folkeleg. Romanen er skrive på meir eller mindre radikalt bokmål. Mytting brukar, til dømes, 'sjøl', 'veit' og a-endingar i staden for 'selv', 'vet' og en-endingar. Skrivemåten legg seg nærmare dialektane og nynorsken enn det konservativt bokmål gjer. Edvard er ein gardsgut frå Gudbrandsdalen, så dette fell naturleg.

«Edvard. Det er namnet ditt, er det ikkje så?» (s. 193)

Det er innslag av engelsk og fransk i både replikkane og breva. Både engelsken og fransken er oversett eller forklåra, og uansett enkel. Dette er dimed ikkje problematisk, men heller fint og verknadsfullt. Då Edvard møter Agnes, som er frå Sogn og Fjordane, vert replikkane hennar skrive på vestlandsdialekt. Denne måten å skrive på er med på å skape ein nærleik til personane som pratar eller skriv.

Tittelen på romanen, Svøm med dem som drukner, er eit av mange frampeik. Edvard dreg som sagt til Authuille i Frankrike, kor foreldra omkom. Han kjem fram til elva dei drukna i, kler av seg, og sym utover. Så hugsar han, ikkje samanhengande, men i brotstykke, kva som skjedde sumardagen for tjue år sidan. Edvard sym med dei som druknar.

«Den natten kom døden tilbake til Hirifjell.» (s. 19)

Kapitla startar ofte med direkte frampeik, likt det over. Det kjem så utgreiingar og skildringar om kva som skjedde tidlegare på dagen og liknande, før me får vite kva som faktisk har skjedd. Frampeika skaper ei spenning som held seg til heile situasjonen er avslørt. Det vert vanskeleg å leggje ifrå seg boka når det kjem eit slikt utsegn.

"Og så sluttet jeg en avtale med sorgen. Jeg måtte være en de døde kunne stole på." (s. 121)

Romanen er full av gjentakingar som går att igjennom heile forteljinga. Edvard seier fleire gongar, i fleire situasjonar, at han må vere ein 'de døde kan stole på'. Hendingar vert også gjentatt. Dette gjeld spesielt dagen foreldra døydde. Gjentakingar skaper merksemd rundt spesielt viktige ting og understrekar dei. Fleire av gjentakingane er au viktige symbol. Eg tek for meg symbolikken i innlegget om tematikk.

Det er bruk av både parallellar og kontrastar i Svøm med dem som drukner. Livsløpet til Edvard og Einar har mange likskapar. Gardsguten Edvard Hirifjell og overklassejenta Gwendolyn Winterfinch vert sett opp mot kvarandre som kontrastar. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar