NB! Avsløringar førekjem.
Svøm med dem som drukner startar in medias res, og går rett på sak. Edvard fortel om mor si, som han hugsar som ei lukt og ein varme. Det er henne han tenkjer på når han "prøver ut savnet i seg", sjeldan faren. Allereie etter innleiinga har me mange spørsmål, og me får ikkje vite kva som har skjedd med foreldra før seinare. Dette skaper spenning, og me får lyst til å lese vidare.
Svøm med dem som drukner startar in medias res, og går rett på sak. Edvard fortel om mor si, som han hugsar som ei lukt og ein varme. Det er henne han tenkjer på når han "prøver ut savnet i seg", sjeldan faren. Allereie etter innleiinga har me mange spørsmål, og me får ikkje vite kva som har skjedd med foreldra før seinare. Dette skaper spenning, og me får lyst til å lese vidare.
Romanen
er, som nemnt i innlegget om handling og kronologi, ikkje kronologisk.
Retrospeksjon, altså attendeblikk, førekjem ofte. Historia dreier seg om
fortida til Edvard og slekta hans, og denne forteljemåten er dimed naturleg å
bruke.
Den
største konflikten i romanen er sjølvsagt kva som skjedde med Edvards foreldre.
Det er det alt startar med. Fleire konfliktar kjem opp etter kvart: er Einar
framleis i live? Kva er arvegodset, l'héritage, som Einar og mora til Edvard
prata om? Var det grunnen til at dei drog attende til heimstaden til mora i
1971? Kven er eigentleg Gwen, og kan ho hjelpe Edvard med å finne ut kva som
skjedde med foreldra? Sidan det er fleire konfliktar, er det au fleire vendepunkt. Eg vil likevel seie det viktigaste vendepunktet er då Edvard dreg til staden foreldra omkom, og hugser, ikkje samanhengande, men i brotstykke, kva som skjedde sumardagen i 1971. Alt byggjer seg opp mot dette augeblikket.
Slutten i
Svøm med dem som drukner er open. Edvard
har fått ei dotter, og me får ikkje vite med kven. Er det Gwen eller Hanne som
er mora? Edvard har vore i gravferda til Agnes Brown, Einars gamle flamme på
Shetland, og fortel om ei som satt i skråninga og følgde med på seremonien på
avstand. Er dette mora til dottera? Er ho ei som ikkje er med tidlegare i
historia?
«Hun huket seg ned, satte skrinet på knærne og åpnet pakka. Da hun reiste seg, ble bevegelsene hennes fulgt av et marineblått fargeskimmer.» (s. 48)
Den blå
kjolen til Edvard si mor er nemnt både i starten og slutten av romanen.
Allereie i bokas fyrste avsnitt har Edvard eit vagt minne om ein blå kjole han
meiner å hugse mora brukte før ho døydde. Heilt mot slutten av boka gjev Edvard
kjolen, som han fann gjømt på Shetland, til dottera si. Dette er ein slags
sirkelkomposisjon, ved at forteljinga både startar og sluttar med det same
elementet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar