NB! Avsløringar førekjem.
Svøm med dem som drukner er ei slektshistorie
kor mange tema vert teke opp, og fletta inn i kvarandre. Dei mest sentrale er
familie, tilhøyrsle og krig. Historia viser korleis tilfeldigheiter, hendingar
og relasjonar mellom menneskje påverkar kven me er.
Romanen
inneheld historier frå både fyrste og andre verdskrigen, og desse er viktige
for forteljinga. Slaget ved Somme, arrestasjonen av Edvards franske familie, og
bestemoras liv i kvinneleiren Ravensbrück er døme på slike hendingar. I tillegg
deltok brødrane Sverre og Einar på kvar si side under andre verdskrigen. Me får
høyre om enkeltpersonars skjebnar, og dette gjer det heile veldig nært.
Temaa er
like aktuelle i dag, sjølv om no-situasjonen i romanen er 1990-talet. Me er
veldig opptatt av opphavet vårt i dag au, om ikkje meir enn nokon gong. Det vert stadig lettare å finne informasjon om forfedrane sine. I tillegg til temaa eg antyda over, er tidlause tema som kjærleik, sakn og von skildra. Dette er noko alle har eit forhold til.
Svøm med dem som drukner har, som nemnt i
innlegget om språklege verkemiddel, mange detaljerte skildringar og
utgreiingar. Desse går på både personar, hendingar og ikkje minst miljø.
Skildringane av spesielt miljøet har underliggande symbolikk. Symbolikken
forsterkar temaa i forteljinga.
«Det du ser er arr,» sa han. «Treet må kapsle inn skaden og vokse videre.
Årringene finner seg omveier. Strekker seg over såret.» (s. 38)
Flammebjørka
er det mest framståande symbolet i forteljinga. I bjørkeskogen sin har Einar
spent flate, rustne jernband rundt trea. Då Edvard var mindre skjønte han ikkje
korfor Einar ville plage dei, og han var takksam for at tre ikkje kan rope når
dei har vondt. For at bjørka skal kunne oppstå som noko finare, sterkare og
meir eksklusivt, altså flammebjørk, må ho fyrst skadast. Vonde opplevingar og
erfaringar former deg, og vil gjere deg sterkare.
«Plutselig mistet jeg balansen. Et par
sekunder trodde jeg, fullt og helt, at hele øya løsnet fra jordskorpen. Men det var
bare stormen jeg hadde lent meg mot, som brått spaknet. Like etter roet bølgene
seg, som om de innså at de var alene i et villmannsritt og nå savnet vinden.» (s. 232)
Anna
framståande symbolikk er vêret på Shetland. Vêret på Shetland er usikkert,
øydeleggjande og valdsamt. Her kan me trekke direkte parallellar til forholdet
Edvard og Gwen utviklar. Edvard har barndomskjærasten Hanne heime i Saksum, og
han er usikker på Gwen eigentleg er. Edvard får i tillegg greie på mange
opprivande og vonde ting på Shetland.
Symbolikken
kan vere vanskeleg å få tak i før ein har lest heile boka, sidan han er så
gjennomgåande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar