NB! Avsløringar førekjem.
«Arbeidsklærne hadde alltid vært svaret når livet
jakta på meg. Komme meg ut i
dagen, ta fatt, holde på, slite
meg ut.» (s. 159)
Hovudpersonen,
protagonisten, i Svøm med dem som drukner
er Edvard Hirifjell. Edvard er tjuetre år då forteljinga startar, og bur med
bestefaren på Hirifjell gard. Han trivst best heime på garden og har heile tida
vore uinteressert i å flytte for å studere, slik fleire av dei tidlegare
klassekameratane hans har gjort. Edvard utviklar, like etter Sverre døyr, eit
forhold til barndomskjærasten Hanne att. Edvard er stille, roleg og gjer ikkje
mykje ut av seg, men han ber på ei uro. Han har, heilt sidan ungdomsskulen,
hatt ein plan om å besøke staden foreldra døydde.
Edvard er
ein dynamisk karakter. Det tyder at han endrar seg. Då han får nysta opp i kva
som hendte med foreldra, kan han endeleg slå seg til ro. Uro han har bore med
seg heilt sidan han las Det Hendte 1971,
og fann ut han var borte i fleire dagar etter foreldra daude, er borte.
Det er få
ytre skildringar av Edvard, og me veit ikkje korleis han ser ut. Sjølv om eg
ikkje har ein utsjånad å feste dei indre eigenskapane til Edvard til, verker
han veldig ekte. Han er ein rund og samansett karakter. Me vert stort sett
kjent med han igjennom indirekte skildringar. Dei går i stor grad ut på kva han
har opplevd og opplever, og spesielt korleis han taklar det han går igjennom.
«Han sto der med hele seg sjøl i islenderen sin, og var gammel på samme måte som Fridtjof Nansen på tikroneseddelen. De hadde likens bart og øyenbryn [...]» (s. 10)
Bestefaren
til Edvard, Sverre Hirifjell, er ein stille mann. Sverre var medlem av
Nasjonal Samling både før og under krigen og kjempa på Austfronten. Dette førte til eit dårleg forhold med broren, Einar, som kjempa for dei allierte. I tillegg har Sverre eit dårleg rykte nede i bygda, og han er difor lite ute. Dagen før Sverre døyr vert eit hakekors måla på den tyske bilen hans, Stjerna. Forholdet mellom Sverre og Edvard er ikkje nært, men Edvard har mykje respekt for Sverre, og dei har det ganske fint saman. Då Edvard og Hanne, etter Sverres daud, byrjar å rydde i sakane hans, finn dei ut at han har hatt mystiske turar til både Tyskland og Shetland. Dette visste ikkje Edvard noko om.
Sjølv om Sverre døyr tidleg i boka, er han viktig for handlinga vidare. Her er forholdet mellom han og Einar heilt sentalt. Var det meir enn berre krigen som førte til den dårlege relasjonen mellom dei? Sverre er statisk, og endrar seg ikkje. Me får sjå nye sider av han etter han døyr, igjennom informasjon Edvard får tak i, og eg vil dimed seie han er ein rund karakter.
«På første blankside sto Einar Hirifjell, Paris 1933. For en håndskrift han hadde. Rank og stram, med en tverrstrek i H-en som løp hele navnet ut. En H som også var min. Etternavnet mitt, som jeg før hadde sett tilgriset med brun krigshistorie, sto her rankt og forseggjort.» (s. 95)
Einar
Hirifjell er ein veldig mystisk karakter. Han er broren til Sverre, og dimed grandonkelen til Edvard. Sverre var ein utruleg flink snikker, og jobba lenge i Frankrike. Der vart han med i ei motstandsgruppe, og vart visstnok avretta i 1944. Edvard finn ut, etter Sverres daud, at dette ikkje stemmer. Einar skal ha slege seg ned på Shetland etter krigen. Då Edvard dreg til Shetland for å finne ut kva som skjedde med Einar, veit han ikkje om han framleis er i live. Det er det godt mogleg at han er. Me skjønner tidleg at Einar speler ei viktig rolle, men ikkje hvilken. Einar er ein statisk, men rund karakter.
«Lårene var tykke, brystene små, men hun hadde et sensuelt ansikt, og det arrogante i henne skapte et dragsug som hadde fått meg til å dilte etter, og som, i sekundet jeg ble klar over det, gjorde meg irritert på meg sjøl.» (s. 155)
Gwendolyn Winterfinch, eller Gwen, er ei jamnaldrande jente Edvard møter då han kjem til Shetland. Dei utviklar eit forhold, og ho vert veldig viktig i Edvards jakt på sanninga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar