Svøm med dem som drukner er ei av dei absolutt
beste bøkene eg har lest. Det er imponerande korleis Mytting klarar å byggje
opp spenninga allereie frå fyrste side, og halde på henne i nesten fem hundre
til. Fleire som har delt tankane sine om romanen, synest det kjem for mykje forklaringar,
og at forteljaren overanalyserer. Dette er eg ueinig i, og meiner det at me
ikkje vert sittande att med lause trådar mot slutten er viktig. Det skjer nye
ting heile tida, og det at alt vert forklart er nødvendig for det store
biletet.
«Hvis du ser livet
under ett, er mesteparten av oppførselen vår
annenrangs. Vi er blinde for det gode noen står klar til å gi oss.
Vi lytter halvveis når noen
forteller noe de har grudd seg for å si. Døden sender
ikke brev med tre ukers varsel. Den kommer når du eter bringebærdrops.
Når du skal ut og slå gresset.» (s. 48)
Språket,
med skildringar av både alvorlege og meir nære, kvardagslege ting, er utruleg
vakkert. Historia er fortalt frå ein spennande ståstad. Edvard er ein slik
person som ikkje opptrer ofte i litteraturen, og det er uvanleg at kjensler
vert skildra frå ein som han. Han er ein stille, ung mann frå bygda som ikkje
gjer så mykje ut av seg. Me treng fleire som Edvard i samtidslitteraturen.
Fleire som i seg sjølv ikkje er så spesielle, fleire vanlege folk.
Karakterane,
og ikkje minst forholda mellom dei, er utruleg spennande å følgje med på. Dette
er noko ein kan lære av. Spesielt artig er det å følgje med på forholdet mellom
folket i Saksum. Eg er frå Fåvang sjølv, kor Mytting vaks opp, og eg kjenner meg
veldig att i skildringane av livet på bygda i Gudbrandsdalen. Alle kjenner kvarandre, og bygdedyret står framleis sterkt.
Eg vil
absolutt anbefale Svøm med dem som drukner. Sjølv om romanen er lang, og at det til tider er mykje å halde styr på, er han ei heilt eineståande leseroppleving eg ikkje ville vore forutan. Eg brukte mykje kortare tid på han enn eg trudde eg skulle, sidan eg hadde seriøse problem med å leggje han i frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar