NB! Avsløringar førekjem.
Miljøskildringane i Svøm med dem som drukner er utruleg vakre, og ikkje minst realistiske. Miljøet er skildra veldig detaljert.
Miljøskildringane i Svøm med dem som drukner er utruleg vakre, og ikkje minst realistiske. Miljøet er skildra veldig detaljert.
«For Hirifjell ligger der dalsida skråner
nedover igjen, i ei slags solside på innsida av baksida.» (s. 14)

«Ikke undervurder
landsbygda. Betlehem var heller ingen metropol.» (s. 102)
Saksum er
som bygder plar vere. Dei har innkjøpslag, postkontor og samvirkelag, og ikkje
så mykje meir. Både Sverre og Edvard har eit dårleg rykte på seg, sidan Sverre
var på feil side under krigen, men bygda har i alle fall plass til alle. Alle
har skavankar, som alle veit om. Det er ikkje så mykje skilnad mellom folk.
«Jeg kjøpte et kart og satte meg i bilen.
Shetland lignet en flaske som hadde gått i knas. Små skjær og øyer lå som skår
langsetter kysten.» (s. 126)
Store
delar av handlinga går føre seg på Shetland, som ein gong var norsk
territorium. Lerwick, hovudstaden på Shetlandsøyane, er det fyrste som møter
Edvard. Her er det lite som vitnar om liv. Edvard dreg vidare til Unst, den
nordlegaste øya i øygruppa. Her, eller nærmare bestemt på den eigentleg
folketomme øya Haaf Grunley, skal Einar ha slege seg ned. Edvard finn tre små
steinhus og eit lite naust på Haaf Grunley, alt usynleg frå Unst.
Edvard er
veldig opptatt av kva snikkaren Einar gjorde her, og får det ikkje heilt til å
stemme. Det finnest ikkje tre på Shetland, ikkje eit einaste eit. Han finn
etter kvart ut at Einar vart båtbyggjar, og kistesnikker.
«Det var et landskap for glemsel, et landskap å kjøre
forbi, hver himmelretning lik den andre, en støvet varmedis uten holdepunkt for
minner.» (s. 380)

I Frankrike besøker Edvard Authuille, ved elva Somme. Det var her foreldra omkom. Han passerer stadig store krigskyrkjegardar. Edvard tek inn på Hotel de la Basilique, det same hotellet Edvard og foreldra overnatta på i 1971. Jocelyne Berlet etterforska både foreldras daud og Edvards forsvinning, og Edvard oppsøkjer henne.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar